Hei!
Sidan du er komme inn her på mi heimesida, er du kanskje på leit etter ein fotograf? Gjerne for å markere noko som er viktig for deg? Om det er slik, så kan eg hjelpa deg. Fotografiet har vore med meg – i heile mitt vaksne liv. Som fotografstudent i London og med ein Master i kunst frå Kunsthøgskulen i Bergen har fotografiet alltid stått i fokus. No er eg 39 år, med god erfaring som fotograf i bryllaup, og som portrettfotograf. Og eg diggar det! Desse møta, oss menneske i mellom: Å vera i det, for å prøve å fange det som ligg inne i det, med kameraet mitt. Det er ei æra. Det er stor stas å bli valt inn som fotograf til ulike markeringar og bryllaup. Og eg kjem med godt mot, og jobbar stille i kulissane. Eg bur på Grønsnes. Ein fruktgard på Jåstad i Sørfjorden. Her bur eg i lag med fruktdyrkarmannen min, og våre tre born. Mykje av dette er veldig fint: kaffi på senga, nøgde born, kokkelering på kjøkenet mitt, strikking, poesi, heilårsbading i fjorden, årstider, fjellet, byen, mannen min, familie, venner -og alt anna som gjer godt. Eg hjelper deg/de med fotograferinga om de vil. Håpar på å høyra frå deg.
Elisabeth
![](https://www.elisabethemmerhoff.no/wp-content/uploads/2020/06/elisabeth-681x1024.jpg)