FOTOGRAFERING

PRISAR & INFORMASJON

 



Heimafotografering
PRIS: 7.500 kr



Eg kjem heim til dykk. Kanskje er det kome eit heilt nytt barn i familien? eller ein graviditet? Eller som ei vanleg familiefotografering heima hjå dykk.

Det er i heimen ein lever store deler av livet. Ein så viktig stad. Eit hjerte for livet.

Kanskje har de lyst at eg skal vera der når de et lunsj i lag? Små dansande på kjøkengolvet. I kler du føler deg fin i. Kanskje når de kosemoser i sofaen, begge to, eller alle saman. Eller kanskje berre du?

Slike kvardagstunder som me har rundt oss heile tida, når ein er i dette kapitlet av livet. Desse rutinane og små tinga som gjer deg og din familie til det den er.

Den har sin unike historie. Fortell meg gjerne kva de likar, før eg kjem. Kva musikk som kjem ut av høgtalaren i heimen din ein søndags morgon?  

Kva liker du aller best med dine kjære? Er det bamseklemmen til veslebror, eller dei gode armane til partneren din, eller fregnene, eller er det heile pakka av desse små tinga? Eler har du berre så himla bra sofa?

Det er desse tinga som gjer at du finn det viktig å dokumentera denne tida.

Tida når det ofte kokar, slik berre livet kan koka. For det er i dette, det heile skjer.  

No er tida.

Her er alt ope, og dette finn me ut av når du har bestemt deg for å tinga meg inn som fotograf.


PRIS:

ca. 1,5-2 timar.
Pris: 7500kr 
ink. inntil 1 times kjøring pr. veg.

De får eit digitalt galleri på ca 250 bilete, som de lastar ned i høg kvalitet.






Lokasjonsfotografering

PRIS: 7.500 kr



Kanskje du/de har ein stad som de likar godt. Eg kjem der!

Kanskje er nokon gravid? eller ei forloving? eller familieportrett? Eller ei feiring av ein jubilant? Hunden din? Gjengen din på piknik kanskje?

Her i fjorden er det svært mange vakre stadar. Her er det fjord, frukthagar, strender, fjell. Ja, det er mykje fint å velga i mellom.

Eg har mine favorittar.

Me møtes på avtala stad, og framføre oss har me 1,5 time med fine stunder.

Dette vert alltid så fint. Det vert bilete ein aldri angrar på. Det kan eg nesten lova!


PRIS:

ca. 1,5-2 timar.
Pris: 7500kr
ink. inntil 1 times kjøring pr. veg.

De får eit digitalt galleri på ca 250 bilete, som de lastar ned i høg kvalitet.







Storfamilien: frå 8 -18 personar


Pris: 11.000kr

Om storfamilien samlast kan passa svært å få inn fotograf. Eg tek bilete av alle samla, portrett av kvar enkelt gruppe. (kjernefamiliar, foreldre med sine vaksne barn, besteforeldre og barnebarn, berre barnebarn, osv).

De får eit stort digitalt album som de lastar ned og bruke som de vil. (til privat bruk.)






    Fotografering av arrangement/feiringar/annat


    PRIS: Etter avtale


    I fleire år har eg hatt oppdrag på ulike musikkarrangement kor min oppgåva har vore å fange stemninga under kurset eller festivalen. Dette er ei oppgåva eg likar godt, og tilbakemeldingane er svært gode. Har ulike prisar på slike oppdrag. Ta gjerne kontakt.

    Om du har andre dagar, feiringa og stunder som må dokumenterast. Eg kjem gjerne!

    Berre ta kontakt.